Kva skjer i verda i dag?

"Det er på tide at vi vaknar opp og tek vare på den kristne arven vår."  skriver Hans Reite i denne artikkelen.

Oppdatert: (02.12.2015)


Hans Reite er pastor i Nytt Liv senter i Ørsta.

Dette spørsmålet er det mange som stiller seg. Kvifor er det så mykje krig og vald? Angrepet på tilfeldige i Paris har sett støkk i heile verda. Kvar skal dette ende? Den store innvadringa av flyktningar opprørar- og gjer mange redde. Ein kan ikkje vere så trygge som før. Er det religionen som er årsaken til alt dette?
 
Eg har ikkje svaret på alt, men har gjort meg nokre refleksjonar. Vi lever i ei synleg og i ei usynleg verd. For nokre år sidan var det tabu å snakke om ei andeverd, men no er vekeblada fulle av historier om gjenferd og andemakt, og mange program på tv omhandlar dette temaet. Det er også mange som driv med altenativ behandling, og som får hjelp av til dømes "varme hender."
Fleire og fleire forstår at det finst både gode og vonde makter. Den synlege verda vert vert til dels styrt av den usynlege. Der er ein Gud som er skapar og er god, men der også ein Satan som har som mål å drepe og øydelegge menneska og alt det vakre som Gud har skapt. Kampen mellom desse intensiverar seg no i denne tida før Jesus skal kome attende til jorda.
 
Religionen har stor betydning for oss menneske. Vi har stor kunnskap, og veit at vi er på veg gjennom livet og skal døy ein dag. Er då alt slutt? Religionen kan gi oss håp om eit liv etterpå og difor er dette svært viktig for mange. I norrøn tid trudde vikingane at om dei døydde i strid så ville dei kome til Valhall der dei kunne drepe kvarandre og livne opp igjen. Difor var dei uredde og reiste til utlandet og herja og drap. Dei var frykta over heile Europa. Muslimane trur at om dei sprengjer seg som sjølvmordsbobarar kjem dei til Paradis og får 72 jomfruer. Nokre lurte på kva dei kvinnelege sjølvmordsbomarane får! Kva slag opplæring er det som skjer på arabisk i moskear, er det mange som undrar seg over.
 
Det er på tide at vi vaknar opp og tek vare på den kristne arven vår. Bibelen fortel at Gud er kjærleik og at han sende den einaste son sin for å frelse oss menneske. Ved å tru på Bibelen som Guds ord vert ein fødde på ny og får Den Heilage Ande. Jesus sa at utan at ein vert fødd på ny kan ein ikkje sjå Guds rike. Fordi menneska i dag har forlatt trua på Gud og Jesus og Bibelen som Guds ord, har det vorte opna for heidenskapen på ny. Islam er ei åndsmakt med negative fortegn og den einaste måten at den kan stoppast på er at det vert ei kristen vekkjing og at kvar enkelt av oss omvender seg og trur på evangeliet, som er Dei gode nyheitene. Den fridomen og freden vi har hatt kan vi no miste om vi ikkje vender om i tide!
 
Jula nærmar seg og då er det tid for å refletere på julebodskapen om fred på jord og hugnad blant menneska. I ein julesalme syng vi mellom anna: " Han er frelsar min." Eg vonar at mange vil synge den av hjartet denne jula. Bibelen fortel at vi går mot " Den store trengsel", som vert den verste perioda i menneska si historie. Den tredje verdskrigen vil finne stad. Alle folk vil gå mot Israel, men då vil dei påkalle Jesus som Messias og han kjem ned og set føtene på Oljeberget. Då vert Djevelen bunden og det vert fred i tusen år! Herren vil gi oss framtid og håp!
 
Hans Reite.



Print artikkel Skriv ut artikkelen



 


 

 



Nettløsning og design er levert av Kréatif