Leserbrev

Opplevingsrik Israel-tur

Vi var ei lita gruppe frå " De kristne" i Møre og Romsdal som var på rundreise i Israel to veker før påske. 

Oppdatert: (14.6.2014)


Ved Kardes Barnea i Negev. Til venstre Odd Keir Sæbø, Einar og Hans Reite, Kari Hals Kiserud og Eva Åsen. Øyvind Årdal var også med på turen.

Målet for turen var å få vere med og dele ut Det nye testamente til så mange som mulig, samtidig med at vi hadde ferie og fekk oppleve Det heilage landet.

Først var vi på Bet Norvegia i Jerusalem. Det vart bygd av avdøde sjømannsprest Per Faye Hansen. Der såg vi oss omkring i byen og hadde  songstund kvar kveld. Dette fortsette vi med på Bet Skandinavia i Haifa. Nokre av oss var spreke og sprang ein tur opp på Karmelfjellet! Det var også godt å kunne bade i Middelhavet. På stranda fekk vi høyre mange som snakka russisk. Jødane har kome heim i store flokkar frå Russland, Ukraina og andre russisktalande statar. Vi var også innom sjømannskirka i Ashdod og fekk kaffi. Folket der i området er stadig plaga av bomber frå Gaza. Born og vaksne lever i traume og frykt og må stadig søke tilflukt i bomberom når alarmen går. Nye hus er pålagde å ha bomberom som er svært kostbart.

Så reiste vi til Ashalim i Negev-ørkenen. Vi la merke til at ørkenen minkar for jødane leier vatn ut frå Jordan-elva og og får det til å blomstre og gro. No er det grønt heilt sør til Beer Sheva! I Ashalim traff vi Grethe Tangen Olsen som er leiar for Exodus Nord. Dei hjelper jødane heim og bygg hus for dei. Ho har godt forhold til borgermeisteren i Ashalim og har også fått møte president Simon Peres ved eit par anledningar. Arbeidet har vorte lagt merke til! Vi var til Kardes Barnea som er på grensa til Egypt fire mil frå Ashalim.

I Negev-ørkenen var vi også på Kibbutsen til Israels første statsminister Ben Gurion og såg grava hans. Like i nærleiken var det ein flott nasjonalpark som kunne minne om landskapet i Grand Canyon i USA. Vi visste ikkje at det var så flott natur i Israel.

Ved Dødehavet overnatta vi i En Gedi. Det var der kong Saul forfølgde David som vi kan lese om i bibelsoga. Vi var på fjelltur der ein kunne sjå vakre dyr og fuglar og eg fekk flyte i Dødehavet. Det er ein god følelse. Folk kjem frå heile verda for å oppleve dette.

Ved Tiberias var vi i ei veke. Der kjørte vi rundt i området og tok på haikarar. Dei som ville fekk eit eksemplar av Det nye Testamente på hebraisk. Vi fekk mange gode samtalar med ungdommane og merka at dei var opne for bodskapen om Jesus. Fleire og fleire jødar vert messianske og tek imot Frelsaren. Statsminister Benjamin Netanyao har uttalt at "Dei evangeliske kristne er våre einaste vener". Dette gjer inntrykk på folket og skapar holdningsendring.

Vi vitja arabiske kyrkjer i Betlehem og Nasaret. Begge pastorane der var positive til Israel, og dei sa at jødar og arabarar kunne leve i harmoni saman i landet. Vi samtalte også med ein jødisk pastor i Tiberias. Han sa at det no er fredeleg i Israel og at dei stort sett har ro til å kunne arbeide for evangeliet. Dette er i stor kontrast til forholdet til Syria, Egypt, Iran og dei andre arabiske landa der kristne vert forfylgde og drepne. Talet på kristne i desse landa har gått drastisk ned dei siste åra og mange er på flukt.

Vi hadde to fine veker i Det heilage landet og anbefaler andre til å ta seg ein tur.

Hans Reite



Print artikkel Skriv ut artikkelen



 


 

 



Nettløsning og design er levert av Kréatif