Nytt Liv Norge

Ny menighet i Notodden

Notodden har fått eit nytt tilbod på livssynsarenaen. Den 18. november vart grunnen lagt for ei menigheten Nytt Liv Notodden. Det er lokale folk i nært samarbeid med Nytt Liv Norge, som står bak denne nyetableringa.  

Ved Frank Håvik
Oppdatert: (12.12.2013)



Lokale leiarar er Rena og Halvor Gjestrud frå Tinnegrend. Dei vil få god og langsiktig hjelp frå erfarne menighetsplanere Kristin og Frank Håvik i organisasjonen Nytt  Liv Norge. Dei har planta mange menigheter rundt om i landet. Dei siste 4 åra har dei lagt grunnen til 5 nye menigheter. Fire av dei med namnet Nytt Liv + stadnamn. Mange kjente forkynnere har sagt seg villig til å komme og hjelpe den nye menigheten. Kristin og Frank Håvik er til daglig pastorpar i menigheten Nytt Liv Sunnhordland, og forkynnarar i organisasjonen Nytt Liv Norge.  Dei vil komme regelmessig til Notodden for å forkynne og hjelpe til, til liks med andre i nettverket.

I helga 24.-26. januar vil det bli ei stor opningshelg der Kristin og Frank Håvik, songaren og musikaren Glenn Wik frå Haugesund, ++++   og  lokale leiarar inviterer til fleire samvær i Nopro Vekst-kantina, ØTA-bygget, Sauheradsveien 92
Fredag kveld vert det offisiell markering av oppstarten, laurdag vært det bibeltimer og stort Vekkelsessmøte på kvelden. Her vert det og fokus på guddommelig helbredelse ved bønn. Søndag etter middag vert det avslutningssamvær.

Menigheten er starta for at nye folk skal få personlig erfaring med evangeliet, og folk skal ha eit breiere utvalg av kristne fellesskap å velge mellom. Strategien er å fyrst og fremst nå nye menneske, og kristne utan aktiv tilknyting til andre kyrkjer eller trussamfunn. Nytt Liv Notodden kjem til å være annleis på fleire områder.  Små samlingar i heimane, meir vekt på det sosiale i samværa, inkludering, nytenkande, og ein uformell stil på samvær og omgangstone, er nokre stikkord. Menigheten vil saman med Nytt Liv Norge,  ta steg ut i det å bruke nye verkemiddel for å nå ut med bodskapen til nye grupper av menneske. For eksempel  sender Nytt Liv Sunnhordland mange av møta direkte på webtv via Internett.

 Nytt Liv Notodden vonar å være eit godt supplement til det gode arbeidet dei eksisterande forsamlingane i Notodden allereie gjer. Den nye menigheten stiller seg open for samarbeid med andre der det er naturleg og ynskjeleg. Nytt Liv Notodden vert leia av eit interimsstyre det fyrste året, inntil eit meir permanent leiarskap er kome på plass.  Alle er hjerteleg velkomne på møta, og dei som også er einige i det fundamentet som ligg som grunnlag for menigheten, er velkomne til å søke formelt medlemskap.

Dei menighetane som Nytt Liv Norge startar opp er alle knytt opp mot menighetsnettverket De Frie Evangeliske Forsamlinger i Norge. (www.DFEF.no) DFEF er eit over 100 år gamalt pinsekristent nettverk som har Bibelen som grunnvoll, og soleis same ståstad læremessig som pinsebevegelsen. Nettverket har mellom 65 og 70 frie menigheter i nettverket. Dette er ikkje eit kyrkjesamfunn, men eit nettverk der alle menighetane er sjølvstendige, men dei samarbeider på enkelte områder. Forstandar får same rettar og plikter som andre trussamfunn. Menigheten har ikkje eige lokale ennå, men satsar på å leige lokalar der det er høveleg i tillegg til å samlast i heimane. 

 



Print artikkel Skriv ut artikkelen



 


 

 



Nettløsning og design er levert av Kréatif