Frank Søgaard jubilerer

Søndag 1. desember feirar pastor Frank Søgaard på dagen 50 år fra han starta opp som evangelist 1. desember 1963 på Betel i Volda. 

Oppdatert: (29.11.2013)


Pastor Frank Søgaard
Han var då ein ungdom, men opplevde ei rik tid med vekkjing og liv både i Volda og rundt om på bygdene. Tidlegare misjonær Mathias Støve var på den tida forstandar på Betel, og Arthur Andås var flink til å hjelpe til å arrangere møter kvar einaste dag! Mange søkte Gud og dåpsvatnet var i beveging. Søgaard virka på den tida mykje saman med blant andre Åge Håskjold som seinare vart misjonær i Argentina.

Søgaard har på denne turen hatt møter på Nytt Livs Senter i Ørsta og på Bigset på Hareid. Han er ein dyktig forkynnar og songar, og har ei spesiell interesse for det profetiske ordet i Bibelen. Onsdag talte han om Jesu gjenkomst og det var svært interessant. Han sa mellom anna at to av dei største farane no i endetida er islam og det katolske systemet. Vi treng å stå fast på Guds ord og i bøna for å verte bevarte i trua. Fråfallet er stort her i Vesten, men Guds rike går fram som aldri før i den tredje verda. Alt tyder på at Jesu kome er nær så vi må vake og be! Søgaars er no pastor både i M40 i Oslo og i DFEF på Ski. I desse forsamlingane har slektningane hans vore med i generasjonar. Sjølv om han er pensjonist så står han på som aldri før i tenesta for Gud og skriv fleire bøker. Han er ein ekte israelsvenn, og har Israel-seminar kvart år. Det neste vert no i januar med blant andre evangelist Arvid Berntsen. Han seier at dei som velsignar Israel vert sjølv velsigna av Gud.

Hans Reite Bilde: 

Print artikkel Skriv ut artikkelen



 


 

 



Nettløsning og design er levert av Kréatif