Misjon

”Hav Tro til Gud”

Mathias Støves liv og virke (1889-1969)

Historikk om misjonær Mathias Støve som virket i Afrika fra 1912, og som var en markant skikkelse i Volda og i DFEF

Ved Kjell-Arild Madsen
Oppdatert: (16.1.2013)



Frå Breim til Volda

Mathias Støve, eller Mathias Andreas Olsson Støve, som er hans fulle namn i Aarviknes si Volda-soga (1970), vart fødd på Støyva-garden i Byrkjelo i Breim 21.6.1889. Foreldra var ifølgje Per Sandals Soga om Gloppen og Breim (2001) Ola Johannes Nilsson Felde (1849-1934) og Eli Antondatter Støyva (1842-1916). Dei budde på Erketunet på Støyva, også kalla Antonbruket, etter far til Eli. Dei fekk ti barn, ni av dei voks opp, og Mathias var den yngste. I ei stutt oppsummering av livet sitt, som han skreiv da han var 75 år, kallar han foreldra Eli og Ole Nilsen Støve. Det var faren som hadde tatt namnet Støve. Foreldra var, skriv han, ”av det gode gamle bondeslaget. Ved trofast slit og arbeid ble det nok for dem selv og ni barn”. Skulegang ut over det alle måtte ha var uaktuelt:

Skolegang var luksus i fars øyne, en måtte gjøre nyttig arbeid med sine hender. Med det for øye dro jeg hjemmefra omkring 15-års alder for å lære et håndverk, som jeg forresten likte, men om meg ble strofen om Tordenskjold sann: ”nål i hånd han hadde fått, men det våpen var for smått”.  

Truleg syntest han samanlikninga med Tordenskjold var noko drøy, for han var snar om smålåtent å legge til: ”Mer passer ikke”.

Støve skriv at ”alt før min omvendelse i 14-årsalderen hadde jeg en anelse om min livsgjerning, som ble klarere og klarere til jeg i 20-årsalderen måtte forlate mitt arbeide og gå ut med evangeliet”. Første steg på denne vegen var at han drog til Volda. Mathias hadde tre søstre som var gifte i Volda. Den eldste av dei tre var Olina (født 1870), som var gift med Jesper Larsson Egge og budde på Driveklepp. Johanne (f. 1872) kom til å bu på Lidarende, og var gift med Sivert Annaniasson Nedrelid. Den yngste var Ingeborg (f. 1881). Ho var gift med Johannes Driveklepp. Far deira, Ole, vitja minst ein gong i året ungane sine i Volda. Da gjekk han frå Støyva til Stårheim, så  gamle ferdavegen over Brekka til Bjørkedalen og Volda. Mathias var truleg vel kjend med den vegen, da han drog til Volda for å ta til i skreddarlære hos skreddar Jensen. Dette må ha vore rundt 1904.

Mathias kom til eit Volda-samfunn som var prega av urolege tider i kyrkjelivet.  Heilt frå 1890-åra hadde det vore ein kraftig vekst i lekmannsrørsla, som førte til stor utmelding frå statskyrkja. I Volda kom ”dei frie vener” og dei såkalla ”fri frie” til å stå relativt sterkt. Det første tiåret på 1900-talet var det fleire vekkingsbølgjer. Eit kjenneteikn ved dei frie var at dei var mot all form for organisering. Dei hadde ikkje møtebøker, ikkje medlemslister, men dei melde seg ut av statskyrkja. Motstanden mot organisering var delvis religiøst grunna. Det vart lagt stor vekt på den einskilde si avhengigheit av Gud. Men den var òg uttrykk for ei frykt for - ironisk nok kanskje – oppsplitting. Organisering førte etter eit slikt syn til frontar og ei stadig auke i organiserte ”samfunn” og trusvariantar. Ei tredje grunngjeving botna i ein djup skepsis til offisielle styresmakter og deira moglege inngrep i det religiøse livet. Organisering kunne slik sett opna for ei slik innblanding. Ei meir teologisk forklaring på fri-nemninga låg i den vekt rørsla la på tilgjeving for synd. Med referanse til Romarbrevet 8.1 meinte dei at ein gjennom tilgjevinga fekk ein fridom frå det som var, og dette var frigjerande. Difor namnet frie vener.

Rørsla hadde òg andre namn. Rundt århundreskiftet snakka ein om ”hellighetsbevegelsen” etter påverknad frå den angloamerikanske ”Holiness Movement”, ”lesarar” var òg  ei nytta nemning. I Volda/Ørsta vart nemninga ”clausianarar” nytta, etter O. G. Clausen frå Ørsta. Han var ein av leiarane i nattverdsstriden på slutten av 1880-talet og på 1890-talet. På landsnivå vart etter kvart Erik Andersen leiar, eller Erik Andersen Nordquelle, som han heitte frå 1917. Hans ”åndsopplevelse” 2.11.1891 klokka 18.00 (!) kom til å prege han og det rørsla stod for. Dette var ei kristendomsform med sterke kjenslemessige trekk, og dette vart endå tydlegare da T.B.Barratt kom attende til Noreg i 1906. Sjølv om nok Nordquelle òg opna for tungetale, så var det først med Barrat at tungetale vart vektlagt på ein heilt ny måte. Tungetale vart eit teikn på at ein var ”åndsdøypt”.  Andersen Nordquelle og Barratt samarbeidde ei tid, men etter kvart skilte dei lag. Dei hadde ulike syn på åndsdåpen og - ikkje minst – på organiseringsspørsmålet. Barratt tok til for seg sjølv i 1910, og etter kvart kom pinserørsla inn i organiserte former. Det var i dette kristlege landskapet Støve måtte orientere seg.

Skreddar Severin Jensen, som Støve var i skreddarlære hos, var ein av dei utmelde frå statskyrkja (Døssland 1980). Sonen hans, Olav Jensen og Sivert Bakke var òg i lære der, og alle dei kom med i lesarflokken. Mathias fullførte læra si og tok til som skreddar saman med Bakke. Gunnar og Ragnvald Andås skriv i  Soga om Betel. Den Frie Evangeliske Forsamling i Volda og bygdene rundt at dei to ”etter at dei var utlærde dreiv skreddarverkstad saman. Dei brukte då å rydde verkstaden om kveldane for å halde møte”.  Dette var i det som lenge heitte Rønnestad-buda, og som i dag huser ei helsekostforretning og Det grøne treet.

I desse åra vart grunnlaget for livsvegen vidare lagt. Sjølv gav han æra for det til Mathias Orheim. Han sa alltid at det var ved å høyre Orheim tale på eit husmøte, at han fann ”vegen”. Orheim budde da òg bokstaveleg talt ved vegen frå Støyva til Volda, på Stårheim. Da Orheim fylte 70 år, gratulerte Støve han med dagen i Det gode Budskap, og sette denne parentesen inn i helsinga: ”(som var redskap til red.s omvendelse)”.

Truleg var det rundt 1910 at han måtte forlate arbeidet sitt ”og gå ut med evangeliet”. Dei to første åra var læreår. Han reiste da rundt om i Norden, som oftast saman med predikanten Johannes Hedin, som var litt eldre enn Støve. Hedin hadde allereide markert seg i rørsla. I 1909 gav han ut ei songbok, Barnas Eiendom, til bruk i søndagsskolen. Seinare vart han ein av Andersen Nordquelles næraste medarbeidarar, og han overtok redaktørjobben for Det Gode Budskap, da Andersen Nordquelle døydde i 1938. Hedin og Støve stod kvarandre nær heile livet, og Hedin vitja Støves fleire gongar i Volda. Støve omtalar sjølv dei to reiseåra som ”to lykkelige år (...) som ble min skolegang”. Men tungetale vart aldri ein av hans givnader.

Støve var militærnektar; truleg ein av dei første i fylket. Den gangen var det straff for å nekte militærteneste, og han var lovd straff, men ho kom aldri. Han la nye planar. På denne tida møtte han ho som han kom til å dele livet med. Ane Marta Larsdotter Bjørdal, eller Marta Bjørdal, som ho helst kalla seg, var frå Bjørdal. Ho var fødd 26.9.1891. Foreldra var Lars og Johanna Bjørdal, fødd Hunnes. Lars døydde da Marta var 9 år, og rundt 1910 var ho tenestejente på Barstad-garden, Bøen, på Øvre Roset.

Da Jakob Heltne døydde 91 år gamal i 1950 – han var ein av dei gamle ”clausianarane” -  hadde fleire av Betel-folket i Volda små minneord i Det gode Budskap. Marta Støve skreiv da at ho ”ble vakt i de tider møtene var på Heltne”. Det vil seie før hausten 1911 for da vart det første forsamlingshuset vigsla. Mathias fullførte læra si og tok til som skreddar saman med skreddar Sivert Bakke. Vi kan vel kanskje tru at det var slik han og Marta treftest første gangen, anten det no var på Heltne eller i nyhuset til dei frie venene. Andås fortel at det hadde vore litt ulike syn på dette nyhuset. Nokre meinte at dei ikkje hadde trong til noko nytt hus av di Jesus snart ville kome att, og da trong dei ikkje hus. ”Støve sa at om han sat på skrevs over taket og slo inn dei siste spikrane når Jesus kom att for å hente brudeskaren, så skulle han vere velkomen”.

 

Til Afrika

I 1910 hadde Dei frie vener for første gang sendt misjonærar til India. I 1912 reiste Mathias og Marta til Britisk Øst-Afrika, i dag Kenya. Han hadde fått kallet. Marta sa seinare at ho sjølv kanskje ikkje hadde misjonskallet, men ho var viss på at ho hadde kallet til å følgje mannen sin. Han var da 23 og ho 21 år. Ein nyleg utlært skreddar og ei tenestejente utan utdanning, begge var utan språkkunnskapar i framandspråk, og dei var òg nesten utan middel. I Det Gode Budskap, i september 1912, står det at ”Kavirondomissionærene Berntsen, Støve og hustru, Rasmussen og et par til reiser til Afrika den 10. september”.

Bryllaupet med Marta hadde vore like før. Det stod i Ålesund, og den som stod for det var i hovudsak fabrikkeigar Olaf Andreas Devold. Devold-slekta hadde haugiansk bakgrunn, og Devold støtta ikkje berre til ved bryllaupet og utreisa, men òg truleg under tida i Afrika. Dette var nok naudsynt. Erik Andersen Nordquelle var ein innbitt motstandar av all form for organisering. Det galdt også misjonsarbeidet. Det skulle vere ein ”tros-misjon”, det vil seie at ein misjonær skulle ”reise i tro”, overgje seg heilt til Gud; Han skulle vise vegen. Ein skulle ikkje sette sin lit til andre menneske i dette arbeidet. I praksis førte dette til at kvar misjonær måtte syte for sin eigen økonomi. Det var lita støtte å få frå noko organisert hald. Verdskrigen skapte òg problem. Det var vanskeleg å sende pengar, og svært mange misjonærar, uansett tilknyting, hadde denne tida vanskar me å få pengar frå Noreg.

Etter ei lang sjøeise frå København nådde dei etter 21 dagar Mombasa 6. oktober 1912. Derifrå tok dei tog til Kisumu. Dei fekk problem straks dei kom. Dei fekk ikkje det misjonsfeltet som dei hadde hadde fått lovnad på frå dei britiske styresmaktene. Skuffelsen var stor, og det tok tid å finne eit nytt. Dei arbeidde fleire stader i Kenya, mellom anna i Elgeyo, eller Elgizo, som han óg skriv det. Her budde dei ved Mutei Mission Station. Ein av tekstane som ligg att etter Mathias har tittelen ”Den første natt i Elgeyo”:

Det var i desember 1914. Min hustru og jeg, med vår tre måneder gamle Ester og 25 sorte bærere er endelig nått frem til Elgeyo efter en ukes reise til fots fra Nandi M.S. [Mission Station] over Uasigisi platået. Vi føler oss lykkelige i bevisstheten om at den lange besværlige reise er endt og synes vi har vunnet en stor seier bare ved å ha nått frem til det sted vi så lenge har tenkt på.

Efter en liten rast reises teltet hvori vi nu føler oss hjemme overalt. Solen daler ned i vest og vi er glad den forsvinner, varmt som det har vært i dag. Skjønt vi ikke erkjenner at vi er late må en medgi at der ikke er så lite i ordspråket som sier: Når solen går ned i vest arbeider den late best.

Nu er tiden forlengst inne til å gå til sengs. De andre har lagt sig for en tid siden, men jeg får ikke til å gå til ro enda. Enda en gang går jeg ut og blir stående utenfor teltet i stille betragtning. Her er altså plassen hvor vi skal slå oss ned, mon hvor lenge vi skal bli her? Og hvad har fremtiden å by oss her?

Dette er bare spørsmål og svaret kan ikke bli annet enn: Gud alene vet. Jeg blir stående og føler det som den rene lægedom å innånde den svale kveldsluft. Bare skade å være så trangbrystet.

 Å, du store Gud - - hvor skjønt her er. Himlen er mørkeblå og månen skinner makeløst.

Mathias og Marta vart i Kenya i over seks år. I Europa raste verdskrigen. Den nådde også Kenya, der britiske og tyske interesser stod mot kvarandre. Problema var store; mange av misjonærane fekk malaria, mange av dei omkom. Mathias fekk òg malaria, som tidvis plaga han også etter at han vende attende til Volda, men stort sett må dei ha hatt ei god helse. Så seint som i mai 1915 kunne han skrive at han så vidt han husker ikke har ”vært sengeliggende på grunn av sykdom mere enn en dag siden jeg kom til Afrika”. Arbeidet må likevel ofte ha vore tungt.

Etter eit år i arbeid i Kawirondo-stammen, søkte han samarbeid med Africa Inland Mission med amerikanske misjonærar. Til liks med dei norske misjonærane var dette lekfolk utan spesiell trening eller høg utdanning. Difor fekk dei og etter kvart tillit i befolkninga. Dette samarbeidet fall Andersen Nordquelle tungt for brystet, noko Støve fekk merke etter at han kom attende til Noreg.

Etter ei tid på Ebudongoi misjonstasjon kom dei i desember 1914 til Mutei misjonsstasjon. Jula 1913 hadde dei hatt i eit grashus; jula 1914 budde dei i eit jordhus. I eit brev han sendte heim i mai 1915 fortel han om husbygginga:

Huset bygges av runde stolper og jord: På disse stolpene bindes stikker både utvendig og innvendig og så fyller vi opp mellom disse stikker med småsten, deretter beslår vi det hele med eltet jord. Det er ikke flotte greier, men det gjør alltid tjeneste (…) Hadde det travelt hele julaften med å få lavd og sette inn dører. Før hadde vi kun et sengeteppe til dør, men det var jo ikke videre hyggelig da leoparden går på jakt rundt her nesten hver natt.

Dei seks åra dei var i Kenya vart fordelte på fire ulike stammer: Kavirondo-, Nandi-, Kamasio- og Elgeyo-stammen. Nandiane er kjende for sine ”spyttevelsignelser”, noko Mathias ofte fekk oppleve:

De sier at de ber til Gud hver dag, men det er solen de ber til. De tar noe gress og spytter på det, så kaster de det opp mot solen, det er deres tilbedelse. Den største ære de kan vise en person er å spytte på ham, derfor spytter de også opp i luften for å behage Gud (solen). Mer enn en gang har de kommet for å se vår lille datter (Esther), og straks søker de å finne en mulighet til å spytte henne i ansiktet, så stundom synes vi det er for meget av det gode, som ventelig kan være.---

Etter seks og eit halvt år tok dei fatt på heimreisa. Nå var familien Støve blitt fem. Esther kom først i 1914, så kom Emmy (1916-2003), og deretter Oren (1918-1993) – namnet var etter ein  amerikansk misjonær.  Heimreisa vart lang. Om det var på grunn av krigen eller av andre praktiske årsaker - kanskje dei ikkje hadde pengar nok – veit ein ikkje, men reisa gjekk omtrent jorda rundt. Først via Kina til USA, der Støves hadde vener i Africa Inland Mission. Dei stogga der ei td før dei reiste vidare til Noreg og Volda. Dei var heime att seint på hausten i 1918.

 

Attende i Volda

Dei budde først på Skjerva hos Hans S. Halkjelsvik, deretter ei tid hos Ragnvald Engeset, og så fleire år hos Lisa og Hans Lothe.  I 1933 festa han tomt under Skjerva og bygde seg eiga hus. Tanken på å dra ut att var nok der ei stund, men han skriv sjølv at dei snart måtte innsjå at ”helsa var ikkje god nok”. Familien talde etter kvart sju barn. Etter at dei kom til Volda, kom først Judith (1920-1993), så Louis (1921-2001), deretter Maren (1923-2005), og til slutt Edit i 1925.

”Støve-huset” i Skjervavegen vart stort og staseleg med valma tak. Tomta grov han ut for hand og sette opp mur mot elva.  Huset hadde òg noko som ennå var uvanleg i Volda: vannklosett i kjellaren og bad i andre høgda. Svigersonen, Johannes Nes, var arkitekt. Både Mathias og Marta var praktiske og jordnære folk. Hagen vart etter kvart eit spiskammer. Støve hadde gartnarinteresser. Han dreiv med poding og fekk fleire typar eple på same tre. Hagen var full av grønsaker, frukt og bær. Han var hobbymalar og ein god teiknar. Av Orheim hadde han lært å spele på glas. Han spelte òg på sag, og trakterte både cello (innkjøpt av Betel i 1934), orgel, mandolin og gitar. Han var sjølvlært med noter, og skreiv salmar og dikt. Ni av songane og salmane hans står i dag i Schibboleth, som er melodiboka til Dei frie vener i Noreg. Desse ni er ”Jeg vil synge her om Jesus hyrden god” (nummer 298), ”Å under over under” (426), ”Intet er større” (413), ”Jeg priser glad” (402), ”Å hvor stort å ha til venn” (552), ”Jeg takker deg” (558), , ”Hør du som fredløs” (424), , ”Vær blott frimodig” (404), og ”Jesus er nå blitt min frelser” (73). Dei fire førstnemnde skreiv han både tekst og melodi til, dei fem siste skreiv han teksten til. Særleg ”Jeg priser glad min Frelser god” vart mykje omtykt. Han engasjete seg ikkje partipolitisk, men likte Bent Røyseland og stemte Venstre heile livet.

Blant naboane var han særleg i lag med Petter Eiken og Wilhelm Kvalheim. Både Kvalheim, Støve og Bergli Solstad, som var ein av leiarane i Eben Eser, var interesserte i bier, og hadde bikubar. Mathias var òg ein ivrig fiskar og tok ofte sykkelen fatt for å dra til Kile. Han var lett å be om hjelp, og drog ofte for å hjelpe til i Bjørdalen. Skreddaren Støve var alltid velkledd. Mange omtalar han som både vakker og staseleg. Når ein les mykje av det Støve skreiv, kan ein nok av og til få inntrykk av ein alvorstung mann, som tenkte mykje på både frelsa og pina. Dei som kjende han, hadde eit anna inntrykk. Hans Lothe snakka gjerne om ”gladlåtten hans Mathias”, og framleis kan eldre voldingar fortelje morosame historier om Mathias, som får fram heilt andre sider ved han enn ”forstandaren” og ”predikanten”. Barnebarna huskar at dei kunne høyre han: Prosit-dropsa, eller ”svartedropsa”, som han kalla dei, skrangla i øskja han hadde i lomma. Dei som kjende Mathias peikar på at han var ”sakleg”, ”roleg”, og han hadde hadde ”eit høgt nivå” når han talte. Dei som hadde han som far opplevde han aldri som moraliserande eller fordømmande. Dei som ville døype seg, gjorde det. Dei som vegra seg, fekk lov til det. Han var med Orheims ord ”ein kvardagskristen”, og han ville vere det. Ein skulle, sa han ofte, vere eit vitne gjennom det livet ein levde. 

Støve stod nesten med ein gong etter heimkomsten fram som ein leiar av Betel i Volda. Knut Bjørkedal, som lenge hadde vore den leiande, døydde rett før Støve kom attende. Han fortsette i to år etter heimkomsten som reisepredikant. 1920-åra var ei turbulent tid for dissentarrørslene. På nasjonalt nivå skilte Nordquelle/Dei frie venene lag med T. B. Barratt/ Pinsevenene. Dette merktest òg på det lokale nivået. Det vart stadig vanskelegare å halde felles møte; og på slutten av 1925 ble pinsemenigheita i Volda organisert. Dei fleste som gjekk inn i den nye flokken var misnøgde medlemer frå Betel. Ueinigheita var som før knytt særleg til ulike syn på ”åndsdåpen” og ikkje minst til ”organisasjonsproblemet”. 

Betel vart bygt i 1911, men stod lenge umåla innvendes. I 1927 gjorde Støve framlegg om å gjere arbeidet ferdig, og Mathias måla sjølv med sirleg skrift på veggen: ”Hav Tro til Gud”. Om ikkje formelt, så vart i alle høve Mathias i praksis forstandar for Betel i Volda. Etter kvart vart han òg sentral i rørsla på eit nasjonalt plan. Han reiste mykje. Tilhøvet til leiaren, Erik Andersen Nordquelle, må til tider ha vore spenningsfylt. I 75 år-jubileumsskriftet til De frie evangeliske Forsamlingers Misjon skriv Asbjørn Froholt rett ut at Støve fekk ”ublid behandling”. På grunn av samarbeidet med amerikanarane i Afrika gjekk det ”nesten to år uten at Det gode Budskap hadde artikler av ham enda han var flink til å skrive”. Froholt meiner at årsaka til motsetnadene ligg på eit djupare plan og kan knytast til ”at nettopp i disse årene stod striden som sterkest mellom Barratt og Nordquelle i spørsmål om å organisere menighetene her hjemme”. Andås skriv at Støve framfor alt var ein ”framifrå stød og fredsinna mann. Han hadde det frie synet, men såg samlinga av flokken som det viktigaste i saka”. Støve kjente Nordquelle frå før 1910. Han var attdøypt av Nordquelle, og hadde fram til Afrikareisa eit godt tilhøve til han. Dei hadde ulikt syn på misjonen. Støve var nok meir pragmatisk og realistisk innstilt her enn den meir idealistiske og stridbare Nordquelle. Eit stridsspørsmål blant venene i heile mellomkrigstida var om ein skulle ha eit ”brødreråd”, seinare kalla ”misjonsutval”, eller ikkje. Synet på dette splitta dei frie. I 1928 kom Støve med i det nyskipa Brødrerådet. Nordquelle vingla. Han var lenge mot, så var han for, og så gjekk han mot att. Tanken på at det var nødvendig med ei viss form for organisering på dette feltet vann likevel etter kvart fram. I 1935 vart eit nytt Misjonsutval på seks oppretta, og Støve var ein av dei. Utvalet vart omordna på ny i 1947, og Støve vart med. På denne tida var han sjølv blitt ein av dei sentrale i rørsla på nasjonalt nivå.

Marta stod heile tida ved sida av Mathias. Med sju barn fødde mellom 1914 og 1925 seier det seg sjølv at ho måtte yte mykje. Ho var òg mykje i søndagsskulen, og ho var ivrig med i søsterringen. Her møttest Regine Rusten, Anna Kvernebakk, Anlaug Hjorthaug, Rakel Nilsen, Solveig Andås, Britt Wetterhus, Margit Alme, Nora Kipperberg, Nutta Nes og Lily Engeset – når ho var heime frå misjonsmarka - og fleire andre. Møtestaden gjekk på omgang. Trakteringa var god med smørbrød, vafler og kaffe. Det var òg Marta som tok seg av det meste av økonomien, både i heimen og som ein slags kasserar for Det gode Budskap. Støve var sportsinteressert, og hadde sans for det problemet som av og til kunne oppstå når søndagsskulen konkurrerte med til dømes ein fotballkamp. Da flytte han søndagsskulen fra klokka 15 til klokka 10.  

Redaktør og forfattar

Da Nordquelle døydde i 1938 tok Støves gamle ven, Johannes Hedin, over ansvaret for Det gode Budskap. I 1947 vart Bladkomiteen ”etter bønn og overveielse enig om å henstille til bror Math. Støve om han fant det forenelig med sin interesse å motta dette verv”, dvs. å bli ny redaktør. Støve takka ja, og vart redaktør frå 1948. Han overtok da ei ny og utvida redaktørstilling. Frå og med 1948 inngjekk òg Misjons-Røsten og De unges Blad i Det gode Budskap. Denne jobben hadde han til 1965. Da var han fylt 75 år. Han var òg redaktør for søndagsskolebladet Barnerøsten. Andås fortel at Støve selde ”800 jolehefte av DGD årleg i Volda og i

 fjordane rundt. Han vart etter kvart det sikraste teiknet på at jula nærma seg for folk på traktene her”.

Støve likte å skrive. Han hadde språksans og interesse for språk. Han lærte seg engelsk, og etter kvart òg noko av stammespråka der dei arbeidde. Med få unntak er alt Støve skreiv på bokmålet. Nokre få gongar nyttar han nynorsk. Det er viss han har ein kommentar til noko som er på nynorsk. Her skil han lag med til dømes Mathias Orheim, Johannes Barstad, Henrik Kaarstad og Bernt Støylen, som alle la stor vekt på å nytte ei norsk målform i kristningsarbeidet.

Sjølv om Støve etter måten var ”ulært”, tok han tidleg til å skrive. Alt i 1913 kort tid etter at dei var komne til Afrika tok han til å sende tekstar til Det gode Budskap. Den første artikkelen handla om dei innfødde sin frykt for døden og dei avdøde sine ånder. På grunn av samarbeidet med ”Africa Innland Mission”, gjekk det nokre år utan bidrag frå Støve i Det gode Budskap. Nordquelle meinte nok at viss ein var i Herrens hender, så var ein i Herrens hender, og da hjelpte det ikkje at Støve såg på dette samarbeidet som ein naudsynt overlevingsstrategi. Etter ei tid vart Støve likevel tatt inn i varmen att, og namnet hans dukkar etter kvart oftare og oftare opp i Det gode Budskap, anten som utsending til ulike møte eller som skribent.

Etter at han sjølv vart redaktør i 1948, vart det naturleg nok mykje skriving. Årgangane frå 1948 til 1964 er fulle av Støves signaturar. Det er dikt og salmar,  artiklar, ”predikanttekstar”, og leiarliknande tekstar, som tek opp aktuelle emne eller perspektiv. Han skriv òg av og til meir underhaldande og forteljande stykke, der han mellom anna minnest hendingar frå Afrika-tida. Han har ei tid ei fast spalte, ”Fra dagboken”. Her kjem det mellom anna fram korleis han legg vekt på samhald og einskap mellom dissentarflokkane i Volda. Eit døme er der han gjer greie for Betel-flokken si reise til Fyrde, der dei har musikkfest saman med pinsevennene. Han forsøker å dempe dei motsetnadene og konfliktene som det var på eit nasjonalt plan mellom pinserørsla og dei frie venene:

Her [dvs. i Volda] går pinsevenner og frie venner sammen i møter og fester og denne mulighet har vi alltid hevdet for de mindre steder og der hvor Kristi kjærlighet får råde, går det fint. Vi er motstandere av alt som skiller nær beslektede fra hverandre og anser partiskhet med unødig skille og rivninger for synd. (Det gode Budskap, 1954, s. 12)

Han kunne òg ta opp brennbare religiøse spørsmål. I 1953 kom den såkalla Hallesbysaka opp.  Spørsmålet om helvete sin realitet kom på dagsorden. Støve gikk imot både departement og jusprofessor Frede Castberg. Sistnemnde hadde ifølge Støve tatt til orde for at ”skrift og bekjennelse kunne tolkes i tidens ånd”. Støve kan ikkje dele verken Castbergs eller biskop Schjelderups syn i denne saka. Hallesbys tale var nok ”radikal”, ja ”hårreisende”, men det ”bør den være”, fordi det her dreier seg om at ”departementet med kongens sanksjon erklærer at kirkens tjenere har rett til å bortforklare læren om evig helvetes straff”. Han går likevel imot Hallesby på ett punkt: ”De uomvendte som dør ”stuper” ikke direkte i helvete, men til ”dødsriket”, hvor de tilbringer en bevisst uhyggelig tilværelse til den endelige dom i følge Åp, 20, 12-15”. Og han avslutter: ”Originalen, Bibelen, kan ikke moderniseres etter tidsånden” (DgB, 1954, s. 52).

Støve skreiv fem bøker. Den første var truleg Utenfor leiren, men eg veit ikkje når ho kom eller kva ho tek føre seg. På baksida av Vaak (1929) står det at Utenfor leiren er ”utsolgt”. Den kosta 50 øre og kan truleg ikkje ha vore på så mange sidene. Den forlorne søn av ”Math. O. Støve” ble utgitt på ”utgiverens forlag” og trykt i G. Gjærders Boktrykkeri i Volda i 1920. Boka er på 120 sider. I forordet seier Støve at boka er skriven for ungdomen; ho skal vere som ei ”privat samtale” med den einskilde unge. Han bed om orsaking for språket: ”At det er en ulærd pen som har skrevet den, er unødvendig å bemerke, ti derom vitner tydelig både innholdet og bokstavfeilene og punkteringen”. Derimot bed han ikkje om orsaking for at han er ”litt radikal” der han ”berører ny-teologien (…) ti en kan aldrig ta for hårdt på den fryktelige villfarelse, som de [”ny-teologene”, min merknad] sprer ut iblandt vort folk”. Boka er eit døme på ein kjent sjanger innan oppbyggjeleg litteratur: ”ynglingen” sin veg frå barndom, via ungdom, til manndom med alle dei farer og freistingar som finst på den ferda. Boka har fleire innlagde dikt. Drømmemesteren, ble også utgitt på eige forlag, men heller ikkje denne boka har eg funne noko eksemplar av. Vaak (1929) er ei lita bok på 43 sider. På framsida står det ”Eget forlag, Volda – Søndmøre”. Heile boka krinsar rundt kor viktig det er ”å våke og ta vare på den tjeneste en har fått av Gud”, og avsluttes med noen relativt sterke ord om ”nødvendigheten av å våke ved tanken på Kristi gjenkomst”, og kva som da vil skje, viss ein ikkje vaknar ”førenn det er for sent”.

Støve døyr

Mathias Støve var aktiv til det siste. Ein mars-dag i 1969 hadde han andakt på aldersheimen. På veg heim fekk han eit hjarteinfarkt. Få dagar etter, 20. mars 1969, døydde han. Gravferdsdagen var det stor sørgehøgtid i kyrkja. Møre kunne fortelje at kyrkja var ”mest fullsett” med folk ”frå alle grender i Volda, frå sentrum her og frå andre stader på Sunnmøre”. Forstandaren i Oslo, Albert Robinson, heldt ei minnetale, som ”gjorde eit sterkt inntrykk på den store forsamlinga”. Gudrun Unhjem frå Ørsta song ei av Støve sine eigne salmar, ”Herre din kjærlighet griper”. Forsamlinga song òg det Møre kalla Støves mest kjente salme, ”Menneskelivet her nede er kort”. Den vart skriven i 1930. Det var minnetaler av Bjarne Stålstrøm (den nye redaktøren i Det gode Budskap), Henrik Holsvik, Sivert Langvatn og prost Haga. Marta Støve bar fram helsing og takk frå Mathias til menigheita. I samlinga på Betel etter gravferda heldt Lars Tjensvoll tale. Han hadde ”mist sin beste ven”. 

 I Andås si oppsummering av Støves innsats skriv han at

Det som fram for alt prega han, var kallet og evna til å forkynne Guds Ord. Han var ein framifrå god og klarsynt forkynnar. For ein kapasitet som han var, kunne forholda på Betel nesten bli for små. Han fekk liksom ikkje nok luft under vengane. Dette synte seg mellom anna på friluftsmøte. Når han hadde folket føre seg som då, var det få som kunne tale som han. Støve var ein noko konservativ karakter. Det var ikkje nytenking som prega verksemda hans, men så var han i vederlag desto meir trufast. Han har utan tvil hatt uendeleg stor innverknad på Betel-flokken. Det er vanskeleg å seie kva Betel hadde vore i dag utan Støve.

Norvald Fagerhol hadde dette diktet på trykk i Møre etter at Støve døydde:

Mathias Støve

In memorian
Her vart ein hovding kalla heim,
som støtt i denne heimen sveim,
mot Himmel-landet stila!
Han lukkeleg la sverdet ned,
og gjekk med Frelsaren i fred,
til sigersløn og kvila!

Som ung gav Støve Gud sitt ja,
fekk misjonskall til Afrika,
og løyste det med truskap!
Så bar det heim til større verk,
og alltid gjekk han glad og sterk,
ut med ”Det gode budskap”!

”Ha tru til Gud!” hans motto var,
og sjølv dei ord han måla har,
på veggen i vår kyrkje!
Med desse ord han synte lei,
og at han levde etter dei,
var grunnen til hans styrke!

For trueskjempe Støve var,
og om ein god og kjærleg far,
han omsorg bar for alle!
Når ingen utveg var å sjå,
til honom mange tydde då,
og han var lett å kalle!

På Betel – og i bygda her,
eit tomrom etter Støve er,
som ingen meir kan fylla!
Men livet hans ein tale held,
som etter soleglad om kveld,
Guds åkerland vil gylla!

Marta Støve levde vidare i Støve-garden. Ho stelte i hagen og i huset, og greidde seg sjølv på alle vis til ho var langt opp i 90-åra. Eit lårhalsbrot førte til at ho hadde dei to siste åra ho levde på sjukeheim. Ho døydde 14.2.1990.

En reise i Afrikas indre

Ei av Støve sine bøker er så langt ikkje omtala. Det er truleg den som har stått seg best og den er framleis leseverdig. En reise i Afrikas indre (1926) er trykt i Porsgrund i Thorvald Nielsens boktrykkeri og er på 48 små sider. Det er ei forteljing om noko som skjedde kort tid etter at Støves var komne til Kenya. Denne artikkelen skal avsluttast med eit referat av den boka. Sitata har Støve sin skrivemåte.

Historia går føre seg i februar 1913, om lag eitt år etter at Mathias og Marta Støve var komne til Britisk Øst-Afrika. Myndigheitene hadde tilbode dei Samia-stammen som nytt misjonsfelt. Stammen heldt til i ”Sogo-landet, nordøst for Victoria-Nyanza rett under ekvator, omkring 800 engelske mil fra østkysten”. Utgangspunktet deira var Ebudongoi misjonsstasjon der dei budde i lag med misjonærane Stokseth (som døydde på misjonsmarka i Afrika fire år seinare i 1917), K. Rasmussen frå Danmark og Danielsen frå Finnland, Julius Mikalsen Esperum frå Søndre Land og to danske søstre, Marie Hansen og Signe Kristensen. Misjonsstasjonen låg om lag 60 engelske mil frå Samia, ”hvilket utgjør tre dages passelig marsj i tropene”.

Reisa var ikkje ufarleg, og Støve refererer til misjonærar som har mist livet i malariafeber.  Han er klar over at liv og helse kunne stå på spel. Dei tek med mat for ei åtte dagars reise. I tillegg kjem gryter, kjelar, panner, kopper og kar, feltsenger, ulltepper, rifle, øks, telt og parafinlykter. Alt må berast.

En bør ikke stole på å få overnatte hos de sorte. Det er altfor risikabelt. Det kan både hende og ikke. På de fleste ubeferdede strøk er befolkningen redd for den hvite mann, og selv om de vilde åpne sine elendige jord-hytter for oss, så er de i en sådan ynkelig forfatning, at en europeer betakker sig for å sove under deres utette stråtak, som er bolig for slanger og allslags kryp. Av og til hender det dog; men som regel kun i nødstilfeller. 

 Aktuelle transportmiddel er muldyr eller oksevogner, men det har dei ikkje. ”Misjonærene er oftest henvist til ”Apostlenes heste”, og disse får sannelig henge i i et land som dette”. Støve fortel at han ein gong på ein dag hadde ”tilbakelagt seks norske mil til fots gjennem et av de varmeste strøk ved Victoria Nyanza”, men da hadde òg tilbakemeldinga frå meir røynde folk vore slik: ”Vil du leve lenge i dette land, må du aldri gjenta slikt flere gange”. Ein av misjonærane har eit alternativt framkomstmiddel: Misjonær Mikalsen eig ein sykkel, og denne tek han med seg på reisa. Slik Støve framstiller det, må det her vere snakk om rimeleg avansert terrengsykling.

Ein fredag legg Stokseth, Rasmussen. Mikalsen og Støve i veg med berarar. Dei er det ingen problem å få tak i, ”de tjener nemlig bedre på det enn på noget annet”.  Misjonærane tek avskil med dei som skal vere tilbake på misjonsstasjonen, og Støve er opptatt av Mikalsen i eit frampek som syner god sans for forteljingsdramaturgi:

Misjonær Mikalsen som alltid var munter og glad var også nu smilende, og idet han satte sig på sykkelen og lot den rulle sakte avsted, sang han til avskjed: ”Gud bli med eder til vi sees igjen”. Dette var også et slående uttrykk for det som rørte sig i alles hjerter; men ingen av oss visste at dette i virkeligheten var hans siste avskjedssang til dem som stod og så efter oss, inntil vi forsvant i horisonten.

”Reisen var begynt, og med raske skritt bar det avsted imot det ukjente indre”. Dei var trygge; ”det var på vår frelsers befaling vi gikk (...) Og hvorfor ikke da synge av fryd hvad som enn måtte møte oss?”.

Første overnatting er på ein engelsk misjonsstasjon, der dei vert godt mottekne og får godt stell. Kontrasten kjem neste dag, når dei passerer ein katolsk missjonsstasjon. Mottakinga der gir grunnlag for følgjande utbrot:

...jeg må ærlig tilstå, at jeg ikke begriper hvorfor katolikkene driver misjon i Afrika! De arbeider jo imot de øvrige misjonærer med nebb og klør, som om de anså det likeså viktig å redde de sorte fra de protestantiske misjonærer som fra hedenskapets mørke.

Etter misjonsstasjonen ”var all sivilisasjon bak vår rygg. Foran oss var bare hedninger og hedenskap, så langt våre øine kunde nå og meget lenger”. Vegane vart dårlegare, og ukjente elvar fulle av krokodiller dukkar opp. (Dette gjev Støve påskot til å fortelje om den gangen han og Marta måtte krysse ei bukt av Victoriasjøen og på grunn av lange grunner måtte han hoppe ”i vannet opp til beltet, tok min hustru på skuldrene og vasset avsted” mens krokodillene lurte i nærleiken.) Etter ei stund  med rådløyse oppdagar dei ein kano på den andre sida av elva. Kanoen viser seg å vere ei uthola trestamme. Mikalsen riv av seg kleda, sym over og kjem attende med kanoen, ”som var sirka 7 alen lang og knapt en bred”. Etter mange turar fram og attende kom alt og alle over.

Om kvelden kom neste utfordring. ”I de innfødtes øine er det en selvskreven regel at når de er ute og reiser med den hvite mann, må han skaffe dem rikelig med kjøtt (…) De stanser og roper: ”Pika inyama bwana – inyama – inyama! Hvilket betyr ”Skyt kjøtt hvite mann – kjøtt – kjøtt!”  Problemet var at noko vilt ikkje var å sjå; dessutan hadde rifla ”altfor små kuler”. For fredens skuld drog dei likevel på jakt, og etter ei stund kom dei over nokre flodhestar som leika seg i elva. Plutseleg small det. ”Det var Mikalsen som hadde fått blod på tann og vilde prøve sin lykke. Men den lille kule virket kun som et myggstikk på den tykkhudede kjempe”. Kveldsmåltidet vart utan kjøtt.

Neste dag var søndag og kviledag. ”Det er nemlig almindelig regel at misjonærene forblir i leiren søndagen over, når de er ute på den slags reiser”. Ut på dagen dukkar det opp to høvdingsøner frå Samia-stammen. Det viser seg at dei er omvende til katolsk tru, og misjonærane gjer straks ein freistnad på å få dei inn på den rette veg, og ”de ble overmåte glade, når de fikk høre at vi var på vei til deres stamme med evangeliet”.

På måndag går ferda vidare og ut på dagen nærmar dei seg målet. Vegane vert betre, og Mikalsen syklar i førevegen. Da dei andre kjem fram noko seinare, finn dei Mikalsen ”ligge i en skygge meget syk. Han har høg feber. Dei er i ”et av Afrikas usunneste steder”. Støve trur det er moskitoen si skuld. Mikalsen har fått malaria. Dei får bu i eit par jordhytter på eit høgdedrag. Og:

feberen hadde hastverk. Den beveget sig op og ned med en ualmindelig hurtighet, og den rev og slet i hans kropp, som om han skulde sønderlemmes på nogen minutter. Rett som det var hoppet hele kroppen op fra leiet av de voldsomme rykninger i musklene, og han kunde ikkje ligge stille med sin beste vilje.

Disse rykninger måtte sikkert være et utslag av stedets usunne klima, da både Rasmussen og jeg fikk dem uten ellers å være syke. Det merkelige var at de kun meldte sig når vi var ved å falle i søvn; men da rykket det så voldsomt at henderne kunde slå sammen, uten at en kunde hjelpe for det. Å forsøke bekjempe dem gjorde bare det galne verre¸ men ondt gjorde det ikke merkelig nok. Jeg for min del hadde disse rykningene i fire år; men da begynte de å bli sjeldnere. Dog kan jeg ikke ennu efter ti års forløp si mig helt fri fra det, serlig når jeg er overtrett.

Støve er redd for at dette skal virke som syt og klage, men synest det er viktig at lesarane forstår misjonærane sine ”prøvelser”. Og verre vert det. Mikalsen vert stadig dårlegare:

Personlig hadde han tro for guddommelig helbredelse og det hadde vi også; men til tross for alle våre erfaringer på dette område, var det som himmelen var tillukket, når vi skulde bede for ham til helbredelse. Dette gjorde prøvelsen ennu sværere; men selv om det er ufattelig for oss, så var det sikkert så at hans løpebane skulde avsluttes her, efter Guds egen vilje, og den formådde ikke vi å forandre.

Mens Mikalsen låg sjuk evangeliserte dei andre. Stokseth talte folkespråket, og ”begynte straks å ha møter”. Så ble også han sjuk. ”Den eneste utvei var å nynne på samme sang som før: ”Alene i håp til Gud min sjel vær stille”. Rasmussen og Støve var nå ”optatte med å passe de syke, som lå opglødet av den drepende feber. (…) Men prøvelserne hadde ennu ikke nått høidepunktet”.

No rømde berarane frå dei.

De hadde nemlig forstått, at vi var kommet til et farlig sted, og fryktet for at alle hvite skulde bli syke og kanskje bli liggende i månedvis og sulte og lide nød. Med dette for øie fant de det klokest å fly i tide, hvilket altid er hedningenes måte å tenke på. Det er for så vidt ikke sjeldent slikt hender i Afrika. Går noget imot deres forutfattede meninger, hender det rett som det er, at bærerne forsvinner i all stillhet, uten de minste skrupler for den hvite mann og hans tøi.

Ikkje slett alle rømde. Til alt hell viser det seg at nokre av berarane ”var såpas grepne av evangeliet, at de var villige å lide sammen med oss”. Matmangel vert no den første utfordringa. Dei har ikkje reserveproviant, og dei er etter kvart også utan pengar. Så får dei nyss om at det ikkje altfor langt unna skal vere ein indisk handelsstad ”ved Victoria-Nyanza op imot grensen av Uganda”. Støve drar av garde - aleine.

Det var med underlige følelser jeg drog av sted til dette sted, og det blev en merkedag i mitt liv som aldri vil glemmes. Man talte om å gå i tro; men var ikke dette bokstavelig troes vandring så vet ikke jeg. Tenke sig til at jeg var på vei til ukjent sted for å proviantere uten å kjenne en eneste person, ei heller deres språk, og dertil ikke hadde nok til å betale med! Men den Gud i hvis tjeneste jeg var har hjulpet mig i vanskeligheter før, og til ham var mine øine vendte.

Til slutt når han ”det indiske settlement”, og nærmar seg ein butikk. Kjøpmannen helsar han; dei ”bruker alltid å bukke og skrape for den hvite mann; ikke så meget fordi de elsker ham, som ved tanken på en eventuell forretning”. Støve vert invitert inn, og indaren hentar ei flaske whisky, og byd han ein dram, ”hvilket jeg avslog til hans store forbauselse. Han hadde visst aldri truffet nogen hvit mann før som ikke drakk whisky”. Til slutt hentar han ei flaske sitronsaft, ”og det var tusin gange bedre”.  Deretter følgjer ein ”uforglemmelig samtale” der det inngjekk ei blanding av minst fire språk: engelsk, swahili, kavirondo og ”et og annet norsk ord til utfylling”. Kommunikasjonen var vellukka:

Merkelig nok lykkedes det mig på denne måte å få ham til å forstå, at vi var blitt forliggende et stykke op i landet grundet to menns sykdom, samt at vår proviant var opbrukt, og det som verre var at pengene var forbi. Og at jeg var kommet for å kjøpe uten å ha noget å betale med.

Alt ordnar seg, og Støve får det han treng mot løfte om å ”betale rekningen til hans kompanjong i Port-Florance ved tilbakekomsten”. På tilbakevegen kjem han forbi ein marknadsplass, der dei mellom anna sel fisk:

Efter de siste dages ufrivillige matrasjon, vakte dette syn en intens hunger og jeg maktet ikke å gå dem forbi. Den slags mat har jeg forresten fått kun to gange i dette land, så jeg må ærlig tilstå, at jeg syntes, både jeg og mine kolleger var berettiget et godt måltid fisk.

Mye av fisken var halvroten og stinka i tropevarmen, men han endte opp med å kjøpe ”et snes på størrelse som brislinger, og talte op av mine siste lommeskillinger, og tenk – der blev en cent til overs”. Vel tilbake i leiren gjer han i stand fiskemåltidet. Det viser seg at det stort sett berre er skinn og bein, og ”under almindelige forhold vilde aldri nogen finne på å bruke slikt til folkemat. Men med største forsiktighet lykkedes det tilslutt å få så meget ut av det, at vi var klar over, at vi hadde spist fisk allikevel”.

Mikalsen vert stadig dårlegare, mens Stokseth etter kvart vert noko betre. Tilhøva er elendige, ”den ”hvite maur” et på både kasser og koffertar, og slangar kjem inn i hyttene og ”krøp i skjul under vårt tøy”. Så snart Stokseth er bra nok, returnerer han med Støve til Ebudongoi ”for å sende en hjelpeekspedisjon med proviant samt bærestol for Mikalsen”. Rasmussen og nokre av berarane vert attende med den sjuke. Det som hadde vore ein tre dagars tur vert nå unnagjort på eitt døgn. ”Hjemreisen”, som han kallar det, tok til ved 3-tida ein ettermiddag. Dei gjekk så i sju timar. Da kom dei til ei lita jordhytte, ”som efter utseende å dømme var opsatt av hvite folk”. Dei bestemte seg for å få seg to timars søvn. Planen var å fortsette ved midnatt. Men:

En flokk sorte som hadde sett oss komme ilte straks til for å betrakte den hvite mann på nærmere hold. De var meget venlige og fortalte blant annet, at høvdingens krål lå like i nærheten, og vi tok straks av sted for å hilse på ham. Høvdingen tok overmåte venligt imot oss, og han trakterte oss med egg og surmelk. Jeg vil ikke innlate mig på å fortelle hvor meget melk vi drakk; men vi drakk og drakk igjen – – Ikke fordi den smakte så godt just; men – – Dog skulde vi ikke ha gjort så meget av det, som vi gjorde. Der var noget ved den som stred imot våre fordøielsesorganer, og jeg begynte straks å føle mig uvel, og mitt illebfinnende tiltok inntil jeg godt og vel hadde fått kastet op igjen alt, som den godhjertede høvding hadde spandert på mig.

Det var ennå ein time att til midnatt, og dei forsøkte å få litt søvn. Moskitosvermar gjorde dette nyttelaust, og det var ”en befrielse å få stå op og fortsette vandringen præsis klokken tolv”.  Natta som fulgte ”vil aldri bli glemt så lenge jeg lever”. Omgittt av ”ville dyrs gjennemtrengende brøl” famlar dei seg gjennom jungelen med eit brennande lys i handa, ”udyrene har som regel respekt for lyset”. Morgonen kjem som ei velsigning. Støve skildrar kampen mellom lys og mørke som ein kamp mellom det gode og det vonde:

Så begynte det å lysne i øst. Vi kunde allrede se strålene fra den opgående sol, og om nogen få minutter lå hele naturen og badet sig i solskin. Et vakrere syn kan man neppe få se i denne verden. Alt var blitt så stille og fredfullt. Udyrene hadde tystnet og krøpet i skjul av frykt for det mektige lys, som om de var redde for at deres gjerninger skulde komme for dagen. Kun de elementer som tålte lyset triumferte nu, og var glade over at den mørke triste natt var forbi.

Med morgonen kjem tørsten og svolten, men dei hastar vidare utan mat og drikke. Etter nokre timar kjem dei til Yala-floden. Han kastar seg ned til vatnet og drikk og drikk. Reaksjonen kjem fort. ”Det var bare så vidt jeg maktet å reise mig og gå, men da jeg hadde gått nogen få skritt, sortnet det for mine øine og jeg falt maktesløs til jorden som en sten”. Han kjem til seg sjølv att, og med hjelp frå ”min trofaste bærer” karrar han seg i skuggen av nokre banantre. Etter ei kvile stavrar han seg vidare, men er så avkrefta at han ikkje eingong orkar å ha sko på føtene. ”Det var første gang jeg gikk barbent i Afrika, ja også den siste”.

Etter nokre hundre meter må han kvile, deretter stavrar han nokre meter att, men må så på ny kvile. Slik nærmar han seg langsomt misjonsstasjonen. Plutseleg kjem eit voldsomt uver med torden og hagl. Tørst og dehydrert strekk han hendene fram for å fange hagla. Det er ein rikdom som minner han om Norge, og ”jeg spiste haglene med begjerlighet, som om det hadde vært den deiligste drops, og det smakte så godt å bli avkjølet igjen av ”ekte norsk kulde”.”  Uveret er over like brått som det kom, og han sleper seg vidare. Det er så vidt han klarer det, men til slutt når han heim:

Men da var det også forbi. Jeg orket ikke mer, og med det samme jeg kom inn, kastet jeg mig tversover sengen og ropte etter vann. Og så drakk jeg og drakk igjen, men alt var forgjeves. Tørsten var uutslukkelig. Spise kunde jeg ikke, bare drikke.

Dei neste dagane må han halde senga, mens hjelpeekspedisjonen vert organisert. Misjonær Danielsen fra Finland vert med. Dei dreg attende til Samia og finn Mikalsen framleis i live. Det er nå gått tre veker sidan Mikalsen vart sjuk, og han er no ”mer hinsides enn her tilhuse”. Berestolen vert festa mellom to lange bambusstenger, ”derpå løftedes båren av de sorte sønner, som også var dypt grepet av medfølelse i det uforglemmelige øieblikk. I denne stilling skulde han bæres minst otte norske mil”. Den første natta er dei i den same jordhytta som moskitoane hadde plaga dei nokre dagar tidlegare. Og her døyr Mikalsen:

Og denne usle hytte blev hans jordiske livs endestasjon. I denne bærestol hensov han stille og rolig uten noen dødskamp, og den frigjorte ånd svinget sig hjem til det land, hvor ingen blir syk eller død, mens de ville dyr hylte omkring hytten og var begjerlige efter å få fortære hans avsjelede legeme.

Hyænene begynte å samle sig i nærheten allerede førenn han var død. Som bekjent lever disse uhyggelige dyr av ådsler, og kanskje mest av menneskekjøtt. Enda så hårreisende det kan høres ut, så er det dog et fakta, at mange afrikanske stammer slettes ikke begraver sine døde. De kaster dem koldblodigt ut i jungelen som et annet dyr, og så lar de de ville dyr besørge resten. På sine steder bæres de ut endog førenn døden er indtrådt.

Misjonærane er nå redde for at berarane skal oppdage at Mikalsen er død. Da ville dei truleg sprunge sin veg. Nå gjeld det å halde dette skjult, og dei lukkast: ”De bar ham de siste seks mil uten å vite at de bar et lik!”. Dette vert ein kamp mot sol og varme – og lukt. Dei kjem utmødde fram til misjonsstasjonen ut på kvelden, men tek straks til å kaste opp grava. Ved midnattstid er alt klart. Mikalsen hadde sjølv vore i skogen og saga materiale til møbler han ville laga seg. No vart dette nytta til å lage hans eiga kiste:

Midt på natten som det var, og dertil mørk tropenatt var det ingen av de innfødte til stede. Bare vi syv som kom ut til Afrika sammen med Mikalsen var tilstede; men vi orket verken å synge eller tale, også var det jo midt på natten, så vi fant det rettest å la det gå stilt for sig for befolkningens skyld. Det var rørende øieblikke da vi senket vår kjære bror og medarbeider ned i Afrikas brune jord, hvor han skal hvile til opstandelsens morgen; men da skal vi møte han igjen. Å hvilket salig håp!

Allerede den neste morgen kalte vi hans sorte venner sammen på hans grav, hvor vi fremla for dem Guds uendelige kjærlighet samt nødvendigheten av å være rede å møte ham, og det grep dypt inn i deres hjerte, og hvem vet om ikke flere blev merket for himlen nettopp der på hans grav? (…)

Da vi samledes på hans grav var der allerede gravet dype grøfter av de grådige hyæner, som hadde arbeidet iherdig for å få fatt på hans legeme; men når de hadde nått så langt ned, som de bruker å grave for å få fatt på de sortes lik, hadde de gitt op. De syntes vel at de hvite grov for dypt! Der hvor de innfødte praktiserer å begrave sine døde, begraves de kun et par fot under jorden, og da de begraves nøkne uten kiste, er det ganske lettvint for de dyktige grevlinger å få fatt i dem igjen.

Her ender misjonær Julius Mikalsens livshistorie. Han døde av Klimat feber den 10. mars 1913 underveis fra Samia til Ebudongio, og ligger begravet på Ebudongio misjonsstasjon tre norske mil fra Port Floranse ved Victoria-Nyanza.

Misjonær Danielsen fra Finland har senere reist minnesmerke på hans grav. Velsignet er hans minne!.

Hermed har jeg fortalt om hin minneverdige reise fra først til sist; men det var ikke misjonærenes første kamp mot feber og død under sine bestrebelser for å bringe de sorte evangeliet. Ei heller blir det den siste. Må Gud få sende mange sådanne helhjertede menn, med hjerter som brenner for dette arme folks frelse.

Ettertanke

I 75-årsjubileumsskriftet til De frie evangeliske forsamlingers misjon slår forfattaren Asbjørn Froholt fast at det er ”ingen av våre misjonærer som har fått en slik betydning som Mathias Støve”. Mathias hadde kallet, og Marta hadde kallet til å følgje mannen sin. Mange i dag vil ha vanskeleg for å forstå dette: To unge menneske, nygifte, han 23, ho 21, dreg omtrent så langt bort frå heimlege fjordar som det går an, til ”mørkaste Afrika”, som ein gjerne sa, for å frelse ulukkelege sjeler. Ikkje kunne dei engelsk, ikkje dei innfødde sine språk, ikkje hadde dei økonomisk tryggleik. Dei budde i telt og stråhytter, seinare enkle jordhytter. Dei fekk tre born der nede. Mange av dei som dei samarbeidde med døydde av feber og sjukdom. Kort tid etter at det var komne fram tok 1. verdskrigen til.

Korleis forstår vi dette i dag? Var dei naive? Snusfornuftig sett er svaret klart ja. Men så enkelt er det truleg ikkje. Det Støve måla på veggen på Betel kunne òg stå som motto over livet hans: ”Hav Tro til Gud”. Han var eit religiøst menneske med ei sterk trusvisse, som pregar han i ord og gjerning. Ut frå ein slik synsvinkel gjorde han berre det han måtte gjere.

Sanger skrevet av Mathias Støve som alle står i DFEF sin sangbok; Schibboleth 

  • Jeg vil synge her om Jesus hyrden god ( 298)
  • Å under over under (426)
  • Intet er større (413)
  • Jeg priser glad (402)
  • Å hvor stort å ha til venn (552)
  • Jeg takker deg (558)
  • Hør du som fredløs i verden går (424)
  • Vær blott frimodig du som er frelst  (404)
  • Jesus er nå blitt min frelser (73)

Skriftlege kjelder:

Gunnar og Ragnvald Andås (u.å.): Soga om Betel. Den Frie Evangeliske Forsamling i Volda og bygdene rundt, Manuskript.

Atle Døssland (1980): Dissentarar i Volda kring 1900. Ein del teoriar og statiske granskingar, Historiestudiet, publikasjon nr. 4, Møre og Romsdal distriktshøgskole.

Asbjørn Froholt (u.å.): De Frie Evangeliske Forsamlingers Misjon. 75 år. Et jubileumsskrift, Moss, Elias Forlag.

Asbjørn Froholt (1981): Erik Andersen Nordquelle. En biografi, Eget forlag.

Norsk Misjonsleksikon (1967), Band III, Nomi og Runa Forlag.

Schibboleth. Melodibok for hjem og forsamlinger (1952), Schibboleth Forlag, Oslo

Jakob Straume (1950): Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal. Eit festskrift, Lunde forlag.

Mathias Støve (1920): Den forlorne søn, G. Gjærders Boktrykkeri, Volda.

Mathias Støve (1926): En reise til Afrikas indre, Thorvald Nielsens Boktrykkeri, Porsgrund.

Mathias Støve (1929): Vaak, Volda

Mathias Støve: Tekstar frå Det gode Budskap og etterlatne papir

Per Årviknes (1970): Volda-soga I. Gardar og slekter. 

 

Munnlege kjelder:

Gunnar Andås 

Lars Lothe

Edit Støve

 



Print artikkel Skriv ut artikkelen
Nettløsning og design er levert av Kréatif