I Norge

Betel - Volda

100 år sidan innviinga av "Gamle-Betel"

5. November i 1911 var det innviingsfest for fyrste lokalet til "dei frie venene" i Volda. Lokalet heitte Betel som no .



bilde

5. November i 1911 var det innviingsfest for fyrste lokalet til "dei frie venene" i Volda. Lokalet heitte Betel som no, og lokalet var sentralt plassert langs vegen frå sentrum til vikebygda, midt inne på det området der Rolls Royce hadde fabrikken sin. Oppstarten til Betelforsamlinga, hende imidlertid alt 16 år tidlegare.
Det var i 1894 at det på våre kantar  rasa noko som vert kalla for Nattverdstriden. Stridsemnet var om ein kunne nyte nattverden (brødsbryting) utan at presten var til stades. Nokre truande braut brødet og delte vinen seg i mellom slik dei las at det vart gjort i den fyrste kristne tida. Dette vart dei melde for, og eit par lærarar vart oppsagde frå stillingane sine for å ha vore med på fri nattverd.

bilde

Statsmakt mot trusfridom

Det vart som å kaste bensin på eit bål. Mange truande melde seg ut av statskyrkja i protest mot oppseiinga. Det skjedde både i Volda og Ørsta. I starten samla denne grupperinga seg rundt om i heimane. Dei vart ofte kalla for Clausianarar, etter ein av dei lokale leiarane. Etter kvart søkte flokken i Ørsta kontakt med den evangeliske lutherske frikyrkja. Flokken i Volda fekk kontakt med ein Erik Andersen Nordquelle som vert rekna som stiftar av den frie evangeliske rørsla i Noreg. Denne flokken fekk slengenamnet frie vener, noko som dei helst opplevde som eit æresnamn. Seinare tok dei namnet Den Frie Evangeliske Forsamling for å ungå samanblanding med ei anna gruppering som hadde eit tilsvarande namn.


bilde

Bygde bedehus rundt om på bygdene.

Clausianarane bygde på eit år bedehus både i Austefjorden, i Høydalen, i Kilsfjorden, på Folkestad og på Lauvstad. Av desse husa er det berre bedehuset på Lauvstad som framleis er i bruk til sitt opphavelege føremål. Då det vart dragningar mellom "dei frie" og dei som vart kalla "fri-frie", klarde dei ikkje lengre å sitje inne med alle husa. Nokre av husa vart såleis selt, demontert, og sett opp att som bedehus andre stader på sunnmøre. I Volda sentrum fekk flokken seg eige bedehus i 1911. Gamle Betel stod innanfor det området der Rolls Royce Marine tidlegare hadde fabrikk fabrikken sin. I 1972/73 vart det bygt nytt lokale ved Industrivegen, og det gamle lokalet vart rive.




Print artikkel Skriv ut artikkelen
 


 

 



Nettløsning og design er levert av Kréatif